Sentrum-periferi frem mot 2029

24. april 2025

kl 18:00 til kl 19:00

Tivoli, Det Akademiske Kvarter

I mange tiår har debatten kring forholdet mellom sentrum og periferi prega norsk politikk. Skal vi la bygdene forfalle gjennom befolkningsnedgang og avvikling av tilbod, eller skal vi kjempe for å halde liv i livskraftige lokalsamfunn med alt fra skular til helsetenester til kulturhus? Kor mykje bør sentraliserast, og i kva grad har vi ansvar for å halde liv i bygdene?

Hausten 2024 førte forslag om nedlegging av skular i distrikta, særleg i innlandet, til stor debatt og valdsamt engasjement. Skal alle skular skjermast, sjølv om det vert færre born? Korleis kan den norske stat legge til rette for at fleire vel å bu i distrikta? Kva skjer med framtidas Noreg dersom vi mistar dei levande bygdesamfunna?

Er det riktig og rettferdig å omfordele skattetinntekter fra sentrale strøk til distriktskommunar i så stort monn som vi gjer i dag? Er skattefordelar og sletting av studielån effektive virkemiddel for å få fleire til å busette seg på bygda? Er regjeringas skatteopplegg, med auka formueskatt og grunnrenteskatt på havbruk rettferdig, eller ein invitasjon til industridød i distriktskommunane langs kysten? 

Bli med på ein viktig og engasjerande debatt om korleis vi skal balansere behovet for sentralisering med ønsket om å sikre eit variert og bærekraftig Norge, der alle stader – enten dei ligg i sentrum eller langt ute på bygda – får leve vidare.

Er du samd i at vi må gjere meir for å ta distrikta i vare, eller meiner du at sentralisering er uunngåeleg for å sikre effektivitet og vekst? Må bygda døy? 

Vel møtt til debatt i TivoliDet Akademiske Kvarter 24. april kl 18.00.

Deltakarar:

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre og Sogn og Fjordane

Fleire deltakarar annonserast fortløpande

Legg til i kalender
Om arrangøren

Lignende arrangementer